top of page

Dagpass
 

Har du dårleg samvittigheit for at hunden din er mykje åleine på dagtid eller ynskjer du å sosialisere hunden meir med andre hundar? 

​

 

 

Då er kan hende dagpass

løysinga for deg og hunden din!

​

​

​

​

​

Me tilbyr dagpass der hunden din er hjå oss på dagtid. Du leverer om morgon og hentar att på ettermiddagen. Her får hunden selskap av mange andre hundar, mykje leik og kos i løpet av dagen!

​

Dagpass er ein super måte for hundar å bli sosialisert. Her får dei høve til å lære å kommunisere og interagere med andre hundar. Etter ein dag i fri leik og samvær med andre hundar, vil dei få massevis av både fysisk og mental aktivisering.  Ver difor førebudd på at du får heim ein hund som er ganske så sliten, både fysisk og mentalt.

 

Dette bør du vite:

  • Opningstider er onsdagar 07:00 – 18:00. Kan bli utvida om det er interesse for det.

​​

  • Stengt i skulen sine feriar og andre helligdagar.

​​

  • Alle hunder som skal opphalde seg her må væra vaksinerte.

​​

  • Tisper med løpetid må diverre haldas heime.

​​

  • Agressive hundar kan ikkje vera på dagpass.​​

​

  • Dersom hunden skulle skade seg og må til veterinær, vil eigar bli belasta for dette.

 

Sidan hundane går fritt i lag, ​er me avhengige av å ha hundar som trivst, og går godt overeins med andre hundar. Alle må difor ha ein prøvedag, for å sjå korleis det fungerer før dei får fast plass.

​

Ta kontakt dersom du er interessert eller vil vite meir.

bottom of page