top of page

Hundepark

Dei fleste byar og tettstader har i dag tilbod om hundepark. Her kan ein la hunden springe fritt og leike med andre hundar, sjølv når det er generell bandtvang.

 

Hundepark er ein super måte

for hundar å bli sosialisert.

Her får dei høve til å lære å

kommunisere og interagere

med andre hundar utan at

eigarane skal stå og halde dei

i band. De fleste hundar får

betydeleg fysisk mosjon av eit besøk i hundeparken,

pluss at det er enn superfin måte å gje hunden mental

aktivisering på.

 

At hunden lærer korleis han skal opptre i møte med andre hundar, kan vera eit godt førebyggjande tiltak i høve til  problemåtferd til dømes når ein møter andre hundar på tur.

Hundeparken er open til faste tidspunkt eit par kveldar i veka, alt etter interesse. Ta kontakt for info om dette.

Kan alle hundar bruke hundeparken?

I utgangspunktet er alle hunder velkomne til å bruke hundeparken, men det er nokon unntak:

  • Sjuke hundar skal ikkje i hundeparken. Vent til hunden er heilt frisk før du tek han med til hundeparken.

  • Aggressive hundar bør ikkje være i hundeparken. Dersom du er redd for at hunden din skal være aggressiv eller slåst med andre hundar, ta kontakt så ser me om me kan finne ei løysing. Til dømes teste ut med ein trygg stabil hund som ikkje så lett lar seg provosere. 

  • Ikkje-vaksinerte hundar bør ikkje bruke hundeparken. Utan vaksine er det risikosport å dra til hundeparken. Ta gjerne også vaksine mot kennelhoste når du vaksinerer hunden din, då dette spreier seg fort om det skulle oppstå.

  • Tisper med løpetid kan ikkje væra i hundeparken. Dette kan føre til tjuvparring, og slåsskampar og knuffing mellom hannhundane i parken.

  • Ein skal vera  litt forsiktig med kvelpar i hundeparken. Nokon tåler det godt, mens andre synes det er veldig skummelt og kan gje negative oppleveingar.

Generelle reglar for bruk av hundeparken:

  • Dersom hunden din gjer frå seg inne i parken. må du plukke opp etter han. 

  • All leik er på eige ansvar. Dersom det skjer ei ulukke eller slåsskamp mellom hunden din og ein annan hund, er det opp til deg og den andre hundeeigaren å finne ut av dette.

  • Ikkje gje godbitar inne i hundeparken. Godbitar kan føre til krangling mellom hundane.

  • Ikkje kast leiker eller pinnar inne i hundeparken. Kasteleik fører også fort til krangling mellom hundane.

  • Hundane må være lause utan sele eller kobbel. Halsband er ok. Dette er for at ikkje andre hundar skal henge seg fast i hunden din.

bottom of page