top of page

Hundehotell

 

Dersom du skal reise på ferie, eller berre treng pass til hunden din for ei kortare periode, kan du kome hit med han.

Hunden blir garantert tatt godt vare på 

under opphaldet. Alle hundar går fritt i tunet,

og har tilgang til både leike- og soverom.

Her får hunden din nye leikekompiser, turar

og garantert mykje kos!

Dagen startar med leik og lufting av alle

hundane. Dei hundane som treng det, får

ein lenger tur, mens andre får snusetur i

nærområde.

Så lenge det er eigna vær så er hundane ute store delar av dagen. Men det er òg viktig at hundane får nok ro i løpet av ein dag, så 2-3 timer midt på dagen får dei slappe av inne. Deretter held dagen fram med leik, lufting og turar.

 

Fôring morgo og kveld, avhengig av kva hunden din er vane med. Mange hundar reagerar på skifte av fôr, så det beste er om du tar med den maten hunden din er vane med å få.  Dersom du ikkje ynskjer å ta med eige fôr, vil hunden bli fôra med Labb.  

  • Alle hundar må vera vaksinerte.

  • Eg kan diverre ikkje ta i mot tisper med løpetid.

  • Dersom hunden skulle bli sjuk og må til veterinær, vil eigar bli belasta for dette.

Ta kontakt dersom du er interessert eller vil vite meir.

bottom of page