top of page

Ridekurs

​

Riding er så mykje meir enn berre å sitje på hesten. Det er kos og stell like mykje som sjølve ridinga.  


For at det skal vera kjekt og trygt både for dyr og menneske, er det viktig å lære seg korleis og kvifor dyr oppfører seg som dei gjer.

​

I tillegg til å lære å ri, vil du difor lære om dagleg stell, korleis du skal håndtere ponnien på en sikker måte, klargjere ponnien for riding og kva som må gjerast etter ein ridetur.

 

 

​

​

​

​

​

​

​

​

​

​​Me har små ponnier for dei minste borna, men òg nokon litt større ponniar for dei som treng det.

​

​Leksjonstid: 60 min  

​

​Varigheit: 1 leksjon pr veke i ca 10 veker, alt etter vêr, føre og feriar.

​

​Gruppene vert delt inn etter alder/storleik og nivå.

​

Max 6 deltakarar pr gruppe.

​

Riding både på bane og på tur.

​

Fokus på tryggleik.

​

Alle får låne hjelm hjå oss, men hugs varme klede og gode fingervantar.

Rytterane må òg ha sko/støvlar med litt hel.

​

​Kursdag og tidspunkt varierar alt etter kva som passar best.

​

Er du interessert i å få info om når det startar nye kurs, send mail til

gr-torpe@online.no, så blir du med på maillista.​

Bjarne og Emilie.jpg
bottom of page