top of page

 

 

 

 

Drop-in timar for born

Me tilbyr drop-in timar for born i alderen 5-12 år.

Tidsramma er ca 60 min.

Her får borna sin eigen ponni som dei skal lære å stelle og sale på, før me rir

ein tur i dei flotte skogsområda i nærområde.  

Privattimar med

eigen hest 

 

Har du eigen hest og har lyst å prøve noko nytt, eller treng hjelp til å koma vidare, kan privattimar vera eit alternativ.

Me har kompetanse innan klassisk- og westernriding, køyring/taumkøyring og problemhandtering.

 

Ut over dei nemnde aktivitetane, er det òg høve til å skreddarsy andre opplegg. 

 

Kom med ynskjer og eg fylgjer opp så langt det let seg gjera.

 

Gebursdagen startar med at borna får stelle og kose med ponniane, før me salar opp og tar ein liten ridetur. Etterpå blir det grilling av pølser.

Selskapet varer 2 timar.

bottom of page