top of page

Åtferdstrening

Målet for dei fleste er å ha ein triveleg

familiehund, som fungerer godt i kvardagen

saman med familien sin. 

Dei fleste som har hund i dag, ser på

hunden som eit fullverdig familiemedlem. 

Å leve så tette saman, kan vera krevjande

både for to- og firbeinte. 

Hund og menneske har ulike måtar å kommunsiere på. Det verbale språket er ein del av dette, men minst like viktig er kroppsspråk,og dei signalane me sender ut til hunden vår. Misforståingar eller at hunden ikkje skjønar kva me meiner, kan i neste omgang føre til uynska åtferd og større eller mindre irritasjonsmoment i kvardagen.

Ofte er det enkle grep som skal til, for å få eit meir harmonisk hundehald. Men det krev at ein veit kva som skal til, og er villig til å jobbe med dette over tid.

Så dersom du har små eller større utfordingar i hundehaldet ditt, kan det vera lurt å be om hjelp og gode råd. 

 

Me kan bidra med:

  • Generell rettleiing for korleis få ein trygg og triveleg familiehund. Individuelt eller i gruppe.

  • Heimekonsultasjonar/privattimar  med individuell observasjon av problemsituasjonar, og tilpassing etter kva utfordringar eigaren ynskjer hjelp med.

  • Tilleggstenester, som kloklypp, øyrerens, poteklypp og liknande.

 

Ta kontakt dersom du er interessert eller vil vite meir.

bottom of page